Velkomen til Norge sitt første nasjonale visningsanlegg for oppdrett
av fisk.Sentralt i Fykse Landskapspark, 10 minutt kjøring på RV 7 frå
Øystese mot Voss.
Utstilling og senter på Steinstø kai med god parkering
Følg laksen sitt livslaup frå smolt til gourmet-restaurant i
Paris eller Tokyo
Få oppskrifter og informasjonsmateriell og kjøp gjerne ein
lakseburgar
Båtskyss ut til oppdrettsanlegget og den flytande hovudbygningen
Etter avtale kan gangveg til anlegget nyttast
Med undervasskamera får gjestane eit godt inntrykk av livet i
merden og
Frå merdkanten kan ein sjølv studera laksen i anlegget
Omvisning med presentasjon av moderne havbruk
Større grupper kan bestilla lunsj med delikate lakserettar
kombinert med andre lokale råstoff frå Hardanger
Matprosjektet "Ein smak av kysten" og Hardangermenyen har vore
med under tilretteleggjinga av lunsjmeny som består av lokale
råvarer
Lingalaks AS
Lingalaks AS driv matfiskproduksjon innan havbruk, og har heile sin
produksjon i Kvam herad. Total produksjon er ca 8 000 tonn laks pr.år.
Selskapet sin produksjon av norsk laks er retta mot den internasjonale
marknaden, og i 2006 gjekk mest heile produksjonen til eksport. Norway
Royal Salmon AS står for salet.
Lingalaks AS har 9,5 konsesjonar for produksjon av laks og har ei
omsetning på ca NOK 260 mill.
Lingalaks AS har lenge ynskt å syna fram havbruk i praksis. Selskapet
vert ofte bede om visingsturar av både kundar, turistgrupper,
reiselivsaktørar, skuleklassar, utstyrsleverandørar og enkeltpersonar
som vil vitja oppdrettsanlegg.
Lingalaks AS eig selskapet Hardanger Akvasenter AS som vart skipa då
Lingalaks fekk konsesjon til visingsføremål ihht.
laksetildelingsforskrifta.
Hardanger Akvasenter AS byggjer på samarbeide. Kiosken på kaien vert
driven av Heidi Steinstø Helgheim som også står for all matlaginga.
Menyen er utvikla i samarbeid med matprosjektet "Smak av kysten". Mange
av Lingalaks sine leverandørar er med i prosjektet ved at dei nyttar
visingsanlegget til å syna fram sitt firma og sine produkt.
Innovasjon Norge, Regionalt næringsfond i Hardanger, Kvam herad og
Hordaland Fylkeskommune har støtta prosjektutviklinga.
Rundt årskiftet 2011/2012 var det storm og det bles godt
på rundt merdene på fjorden.
Se fleire bilete
Stundentar frå NHH sin sommerskule kjem att for 4. året
på rad til Akvasenter.
Se
fleire bilete
Havbruk i Norge 2020 Konferansen Havbruk i
Norge 2020 vart halde i april 2011. Vi har publisert
fleire av presentasjonane som vart vist under
programmet for konferansen