Hardanger Akvasenter har 2 deler; eit utstillingsenter
på Steinstø kai, og sjølve hovudbygningen og oppdrettsanlegget i
Fyksesundet, ca 300 meter unna. I bygget på kaien finn du ei utstilling
som skildrar laksen sitt livsløp frå avl til forbrukarar over heile
verda. Her vert det og høve til å testa seg sjølv i kunnskap om laks,
finna seg oppskrifter på lekre lakserettar, eller kanskje kjøpa seg ein
lakseburger?
Hardanger Akvasenter tilbyr publikum båtskyss ut til det flytande
hovudbygget og sjølve oppdrettsanlegget. Med undervannskamera
installert, får gjestene eit godt inntrykk av livet i merden, og dei kan
sjølv spasere ut på anlegget og ta laksen i augnesyn. Her kan ein sjå
korleis arbeidet på eit oppdrettsanlegg føregår. Kva mat et laksen og
kvar kjem den frå? Det vil du få sjå når du vitjar anlegget.
Hovudbygget på sjøen inneheld og eit stort møterom med plass til inntil
60 personar. Større grupper som ønskjer å leiga møterommet har høve til
dette. Lunsjbokser med delikate lakseretter kombinert med andre lokale
råstoff kan tingast. Matprosjekta "Smak av kysten" og "Hardangermeny"
har vore involvert i menyutviklinga for Hardanger Akvasenter.
Rundt årskiftet 2011/2012 var det storm og det bles godt
på rundt merdene på fjorden.
Se fleire bilete
Stundentar frå NHH sin sommerskule kjem att for 4. året
på rad til Akvasenter.
Se
fleire bilete
Havbruk i Norge 2020 Konferansen Havbruk i
Norge 2020 vart halde i april 2011. Vi har publisert
fleire av presentasjonane som vart vist under
programmet for konferansen