Hardanger Akvasenter AS

Besøksadresse:
Steinstø kai
5612 Steinstø

Postadresse:
Lingavegen 206
5630 Strandebarm

Tlf: +47 56 55 55 40
post@akvasenter.no 

 
 

Besøk og opningstider

For grupper, kurs, konferansar og etter avtale
  • Akvasenteret er opent for kurs/konferansar/grupper og etter avtale heile året  - kontakt Åsta på tlf 56 55 55 40 post@akvasenter.no
Opningstider om sommaren
  • Om sommaren er senteret opent på dagtid frå medio juni til medio august - kl. 11.00 - 17.00 alle dagar, men det er stengd på måndagar.
  • Ope for besøk i utstillingslokalet på Steinstø kai og på visningssenteret på sjøen.
  • Open kiosk med enkle retter i utstillingslokalet på Steinstø kai.
  • Båt til sjøanlegget kvar heile time

Frammøte på kaien i Steinstø, der det er høve til å kjøpe m.a.lakseburger, kake og kaffi.

Opningstider utanom sesong

  • Ope heile året etter avtale pr telefon eller mail.

 

Tryggleik
Oppdrettsanlegget er eit sjøanlegg for produksjon av matfisk som publikum får sjå i ordinær drift.  Hardanger Akvasenter er opptatt av tryggleik. Redningsvester lånar me ut, og publikum får si orientering i eit eige rom med utsyn til anlegget. Det er også høve til å spasere på gangvegane for å kunne sjå nærare på fisken. Dette er som ein flytekai - publikum må vera svært merksame og passa seg for å tråkka utfor og falla i sjøen.

Anlegget produserer matfisk. Fisken er eit husdyr som må stellast godt. Publikum må ikkje kaste noko uti til fisken. Under omsyninga kan det verta høve til å gje fisken litt fór.  Det er påbode med redningsvester på anlegget og under transport fram og tilbake. Born kan ikkje vitja anlegget utan å vere under oppsyn av vaksne.  Born har ikkje høve til å gå på gangvegene åleine. Det er røyking forbode på heile anlegget. Hardanger Akvasenter har avgrensa ansvar for gjestane sine, og publikum må følgja våre instrukser for å ta vare på eigen tryggleik.

 

 

Rundt årskiftet 2011/2012 var det storm og det bles godt på rundt merdene på fjorden. Se fleire bilete
Stundentar frå NHH sin sommerskule kjem att for 4. året på rad til Akvasenter. Se fleire bilete
Havbruk i Norge 2020
Konferansen Havbruk i Norge 2020 vart halde i april 2011. Vi har publisert fleire av presentasjonane som vart vist under programmet for konferansen