Kontakt:

Adresse: Hardangerfjordvegen 615, 5610 Øystese.
Telefon: + 47 970 17 537
E-post: post@akvasenter.no

For førehandsbestilte grupper med eigen buss, etter avtale:
Hardangerfjordvegen 615, 5610 Øystese og/eller
Fyksesundvegen 705, 5612 Steinstø

Publikumsmottak i visningssenteret i Øystese ved Hardangerbadet og Hardangerfjord Hotel. 

Publikumsmottaket i Steinstø er flytta til Øystese. For å besøke visningsanlegget, er det sett opp båtavganger frå Øystese. Sjå våre opningstider og båtavganger.

Opningstider:

Visningsenteret i Øystese vil følge opningstidene til Hardangerbadet i same hus. Disse er normalt 07:00–21:00

Sommertid: 08:00 (10:30) –18:00

MERK! på grunn av Covid-19 kan åpningstidene i perioder før  høgsesongen variere, men ta kontakt før du kjem, så legg me til rette for besøk.

Visningsenteret er betjent i høgsesong og har ellers omvisning til faste tider. For omvisning i utstilling og besøk til oppdrettsanlegget, sjå eigne oppsatte tider og prisar. 

For førespurnadar utanom oppsette tider, ta kontakt på telefon eller e-post.

Vegbeskriving:

Frå Bergen: Køyr mot Hardanger på Fv.49 til Norheimsund, ta deretter av til fv.79 (tidlegare fv.7). Akvasenteret ligg i Øystese ca. 7 minutt etter Norheimsund. Visningssenteret og publikumsmottak ligg i samme hus som Hardangerbadet og ved Hardangerfjord Hotel.

Nærområdet:

Utanom den fantastiske utsikta til fjord, fonn og fjell kan Øystese tilby opplevelsar for besøkande i alle aldrar. Hotell, badeanlegg, lokalmatbedrifter, gardsferie, museum og eit utval butikkar og serveringsstader er berre noko av det Øystese som lokalsamfunn kan by på.

Dersom ein tek båt til oppdrettsnalegget vil ein i tillegg få oppleva ein unik nærleik til naturen på turen frå Øystese, forbi Kvamsøy og inn til innløpet av Fyksesundet der oppdrettsnlegget ligg.

Området har eit variert tilbod i vakker natur i eit levande kulturlandskap som strekkjer seg århundrer attende i tid.